Right menu

september 2010
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30    

Kontaktinformasjon:

Atlanten videregående skole Dalaveien 25
6511 Kristiansund
E-post til skolen
Telefon: 71571830
Fax: 71571831
 

banner

/ Forsiden / Nyheter / Rubbel

Rubbel

Ny NRK-nettside for ungdom i Møre og Romsdal

Vi gjengir en mail vi fikk fra NRK:

NRK presenterer "Rubbel"
NRK Møre og Romsdal presenterer om kort tid "betaversjonen" av det nye nettsamfunnet for ungdom i Møre og Romsdal, "Rubbel". Lanseringa er sett til 5. november. Hovudmålet med "Rubbel" er å gje ungdom ein møtestad, der dei kan vere kreative og halde seg oppdatert.

For NRK Møre og Romsdal er det også eit viktig delmål å styrke kontakten med medielinene på dei vidaregåande skulane i fylket.

Pålogging/passord
Vi har ikkje opna for full trafikk i prosjektet enno. "Rubbel" har førebels enkel grafikk, all funksjonalitet er ikkje på plass og ein nettlesar som Internet Explorer gir oss framleis nokre utfordringar. (Bruk
Mozilla Firefox, og du får det beste inntrykket av korleis prosjektet er i dag). For at de skal få eit innblikk i prosjektet, har vi laga eit brukarnamn og ei passord for dykk. Gå gjerne til adressa
http://media.rubbel.no (Ei førebels adresse. Ved lansering blir adressa
www.rubbel.no ).

Medielina Atlanten videregående i Kristiansund har vi registrert med følgjande påloggingsinfo: Brukarnamn: mediaatlanten
Passord: media
Dette er "Rubbel"
Vi presenterer "Rubbel" på denne måten:
* Ein stad å vere kreativ, med tekst bilete og video.
* Eit lokalt basert sosialt nettverk.
* Ein stad å vere synleg på nett.
* Ein stad som gjer det mogleg å bli synleg på TV.
* Ein stad for både fritid og skule
* Ein stad som har lokale nyheiter av ungdom - for ungdom
Utvikla for ungdom i Møre og Romsdal "Rubbel" er utvikla av NRK Møre og Romsdal, i nær kontakt med ungdom i fylket. Sist vinter gjennomførte NRK Møre og Romsdal ein turné på medialinene på dei vidaregåande skulane i fylket. Her blei det gjennomført ei spørjeundersøking. "Rubbel" er bygt opp kring hovudresultata av denne spørjeundersøkinga. Prosjektet er bygt opp i nært samarbeid med Utviklingsavdelinga og Teknologiavdelinga i NRK på Marienlyst. 19-åringen Henrik Lied, elev ved Akademiet i Ålesund har stått for den tekniske utviklinga av prosjektet, og 19-åringen Simon Bognø
frå Sandnes i Rogaland har utvikla grafikken.

Ta i bruk "Rubbel"
NRK Møre og Romsdal vil gjerne invitere medialinene på dei vidaregåande skulane til å ta i bruk "Rubbel". Frå 5. november vil det vere ope for "kven som helst" til å registrere seg, og byrje å laste opp video, bilete og tekst. Førebels går det føre seg så pass mykje utviklingsarbeid i
prosjektet, at det er ein fordel om trafikken ikkje blir for stor. Men etter kvart vil vi gjerne ta opp att tråden med dei besøka vi hadde på dei vidaregåande skulane sist år. Vi ser for oss at "Rubbel" kan bli ein attraktiv stad å presentere elev-prosjekt. I mange tilfelle vil NRK kunne gje motyting i form av undervisning tilknytta einskilde prosjekt. Ta gjerne ei runde gjennom prosjektet, og kom gjerne med spørsmål både på mail/via meldingstenesta i "Rubbel"/telefon.
Mvh
Terje Reite
Prosjektleiar "Rubbel".
97752994

Red. bemerker at du trenger ikke være elev på MK for å ta i bruk nettstedet. Alle kan logge seg inn med oppgitte brukernavn og passord! Rubbel ligger også under Nyttige lenker her på hjemmesida.